Vinteren 2006 søkte eg lykka på hurtigbåt då Stavangerske fekk att Ryfylkerutene. Eg fekk fast stilling som skipsførar på MS Westcruise i Hommersåk-ruta i 2009.
Ryfylkerutene lokka meg tilbake, så eg jobba som førar om bord i MS Fjorddrott frem til 2021. Då fekk eg muligheit til å starte opp på verdas fyste hydrogendrevne ferje MF Hydra og det har vore ei interesant tid og framifrå arbeidsplass. Frå nyåret vil du finne meg som skipsførar om bord på MF Nesvik, også den på Jøsenfjorden i Rogaland! For her inne trivast eg godt.
Norled er ein trygg og god arbeidsgjevar, her er eg bland gode kolleger som har fokus på nytenking og sikkerhet. Alle dei gode menneskjene gjer Norled til ein framifrå arbeidplass!
Eg er stolt av å seie at eg arbeide i selskapet!»