Transportvilkår

Erstatningsansvar for transportøren ved godstransport

  1. Ansvarsperioden og grunnlag for ansvaret
    1. Transportøren er berre ansvarleg for godset medan det er i hans varetekt i lastehamna, under transporten og i lossehamna. Transportøren har ikkje lenger godset i si varetekt a) når transportøren har levert godset til mottakaren
    2. dersom mottakaren ikkje tar imot godset frå transportøren, når det er lagt opp for mottakaren si rekning i samsvar med avtalen eller med lov eller praksis i lossehamna, eller
    3. når transportøren har levert godset til myndighet eller annan tredjeperson som godset må leverast til etter lov eller reglar i lossehamna. Transportøren er ikkje ansvarleg for tap som følgje av at gods går tapt eller kjem til skade eller blir seinka, dersom han godtgjer at tapet ikkje skuldast feil eller forsøming av transportøren sjølv, eller nokon transportøren svarar for, eller for tap som følgje av tiltak for å redda personar eller rimelege tiltak for å berga skip eller annan eigedom til sjøs.
  2. Tap som følgje av nautisk feil og brann
    1. Transportøren er ikkje ansvarleg dersom transportøren godtgjer at tapet er ein følgje av: a) feil eller forsøming i navigeringa eller handteringa av skipet utvist av føraren, mannskapet, los eller slepebåt eller andre som utfører arbeid i skipet si teneste, eller b) brann som ikkje skuldast feil eller forsøming av transportøren sjølv.
  3. Dekkslast
    1. Gods kan transporterast på dekk dersom dette er tillette etter transportavtalen, følgjer av handelsbruk eller annan sedvane i den fart det gjeld, eller er påbode i eller i medhald av lov.
  4. Ansvarsgrenser
    1. Transportøren sitt ansvar skal ikkje overstiga 667 SDR for kvart kolli eller annan eining av godset eller 2 SDR for kvart kilogram av bruttovekta av godset som er tapt, skadd eller seinka. Blir det brukt container, pall eller liknande transportinnreidning for å samla godset, skal kvart kolli eller annan eining som i transportdokumentet er oppgitt å vera pakka i innreidninga, blir dette rekna som eitt kolli eller ei eining. Reglane om transportøren si innvending og grensene for transportøren sitt ansvar gjeld sjølv om kravet mot transportøren ikkje er grunna i transportavtalen. Reglane gjeld også tilsvarande dersom kravet blir retta mot nokon transportøren svarer for, og vedkomande godtgjer å ha handla i tenesta eller for å fullføra oppdraget.
  5. Transportøren sitt ansvar for undertransportør
    1. Er det uttrykkeleg avtala at ein bestemt del av transporten skal uførast av ein namngitt undertransportør, er transportøren ikkje ansvarleg for tap som skuldast hending som skjer medan godset er i undertransportøren si varetekt.
  6. Reklamasjon
    1. Er godset utlevert utan at mottakar har gitt transportøren skriftleg melding om tap eller skade som mottakaren hadde oppdaga eller burde ha oppdaga, og om kva slag tap eller skade det gjeld, blir alt gods rekna for utlevert i slik stand som skildra i transportdokumentet når anna ikkje blir godtgjort. Var tapet eller skaden ikkje synleg ved utleveringa, gjeld det same dersom skriftleg melding ikkje er gitt seinast tre dager etter utleveringa. Transportøren er ikkje ansvarleg for tap som følgje av seinka utlevering, med mindre det er gitt skriftleg melding innan 60 dagar etter at godset var overlevert til mottakaren.
  7. Lovvalg og verneting
    1. Transporten er underlagt norsk sjølov av 24. juni 1994 nr. 39.

Transportøren sitt ansvar for passasjerar og reisegods

  1. Ansvar for passasjerar og reisegods
    1. Transportøren pliktar å erstatta tap som kan førast attende til at ein passasjer døyr eller kjem til skade (personskade) eller ved at reisegods går tapt eller kjem til skade på grunn av hending under transporten, og som kjem av feil eller forsøming av transportøren sjølv eller nokon han svarar for. Det same gjeld for tap som kjem av seinking med å føra passasjerar fram eller med å føra gods fram og utlevering av dette. For pengar, verdipapir og andre verdisaker, slik som gull, sølv, juvelar, smykke og kunstgjenstandar, er transportøren ikkje ansvarleg med mindre dei er motteke av han for trygg oppbevaring. Den som krev erstatning, har bevisbyrda for omfanget av tapet og for at det er oppstått ved ei hending under transporten. Når det gjeld tap som følgje av personskade eller skade på handreisegods, har den som krev erstatning også bevisbyrda for at det er utvist feil eller forsøming som transportøren svarar for.
  2. Ansvar for kjøretøy
    1. Kjøretøy som passasjerar har med seg, følgjer dei same reglar som for reisegods, dersom ikkje anna går fram av desse transportvilkåra. Det same gjeld eventuell tilhengar, campingvogn m.m. som følgjer kjøretøyet. I slike tilfelle blir kjøretøyet med tilhengar rekna som eitt kjøretøy med omsyn til reglane om transportøren sitt ansvar. For kjøretøy som i hovudsak blir brukt til framføring av personar og i det einskilde tilfelle blir brukt til godstransport, skal det skrivast ut fraktbrev. Ansvaret til transportøren følgjer i slike tilfelle av «Transportvilkår ved godstransport».
  3. Tryggingsføresegner. Forbod mot farleg last
    1. Passasjeren må av tryggingsgrunnar, utan at transportøren kjenner til eller har tillete det, ikkje ta med som reisegods – herunder i kjøretøy – farlege gjenstandar eller stoff inkluderande men ikkje avgrensa til eksplosjonsfarlege, brennbare eller etsande stoff, herunder fyrverkerisaker. For kjøretøy og campingvogner som er utstyrt med gassanlegg gjeld spesielt at hovudventil for anlegget må vera stengt, og alle innreidingar slik som kjøleskap m.m. må vera sløkt medan kjøretøyet er om bord.
  4. Fråskriving av ansvar
    1. Transportøren er ikkje ansvarleg etter reglane i punkt 1 i følgjande tilfelle:
      1. For personskade oppstått i tida før passasjeren går om bord og etter at han er komen i land, med mindre det gjeld sjøtransport mellom skipet og land som er inkludert i billettprisen, eller blir utført med transportmiddel stilt til rådvelde av transportøren.
      2. For handreisegods som ikkje er plassert i eller på medført kjøretøy for tida før godset blir bringa om bord og etter at det er bringa i land, med mindre det gjeld sjøtransport som nemnt i a) eller for den tid transportøren har hand om godset medan passasjeren er på kai eller på ein terminal eller eit anna anlegg i hamn.
      3. For levande dyr som blir sendt som reisegods.
      4. Er det avtalt eller klart føresett at ein fastsett del av transporten skal utførast av ein namngiven undertransportør, er transportøren ikkje ansvarelg for tap som skuldast hending som skjer medan godset er i undertransportøren si varetekt.
      Ovannemnde gjeld også om kravet mot transportøren ikkje er grunna på transportavtalen.
  5. Avgrensing av transportøren sitt ansvar
    1. Ansvar for personskade er avgrensa til 175 000 SDR for kvar passasjer. Ansvaret for seinking med framføring av passasjeren er avgrensa til 4 150 SDR. Ansvar for tap som følgje av at reisegods er gått tapt, skada eller blitt seinka, er avgrensa til:
      1. 1 800 SDR pr. passasjer for tap som gjeld handreisegods
      2. 6 750 SDR pr. passasjer for tap som gjeld verdisaker motteke for trygg oppbevaring
      3. 10 000 SDR pr. kjøretøy, inklusive eventuell tilhengar
      4. 2 700 SDR pr. passasjer for tap som gjeld anna reisegods
      Beløpa i første og andre ledd gjeld for kvar reise. Reglane om transportøren sine innvendingar og grensene for transportøren sitt ansvar gjeld sjølv om kravet ikkje er grunna i transportavtalen. Reglane gjeld også tilsvarande dersom kravet blir retta mot nokon transportøren svarar for og vedkomande godtgjer å ha handla i tenesta eller for å fullføra oppdraget.
  6. Passasjeren sin eigendel
    1. I det oppståtte tap har transportøren rett til å gjera frådrag på inntil:
      1. 150 SDR pr. kjøretøy i tilfelle av skade på kjøretøy
      2. 20 SDR pr. passasjer i tilfelle av tap eller skade på anna reisegods
      3. 20 SDR pr. passasjer i tilfelle av tap som skuldast seinking.
  7. Dekkslasting av reisegods
    1. Transportøren tek atterhald om rett til å transportera reisegods, gjeld også kjøretøy, på dekk.
  8. Omlegging av ruter og bruk av skip. Gjensidig kanselleringsrett.
    1. Transportøren tek atterhald om rett til å gjera avvik frå ruta med omsyn til fastsette stoppestader eller rekkjefølgja til desse. På same måte kan han oppfylla fraktavtalen med anna skip av same standard som oppgitt utan verknad for billettprisen. Dersom eigna skip ikkje kan framskaffast etter havari, blir fraktavtalen kansellert mot full refusjon av billettprisen for gjeldande reisestrekning. Dersom passasjeren ikkje reiser eller avbryt reisa, har transportøren rett til det avtalte vederlag med mindre passasjeren er død eller hindra ved sjukdom eller annan rimeleg grunn, og transportøren biir underretta utan ugrunna opphald.
  9. Forelding
    1. Transportøren sitt ansvar for personskade eller for seinking blir forelda 2 år frå den dag passasjeren forlet skipet. Har dødsfall funne stad etter ilandstiginga, er fristen 2 år frå dødsdagen, men ikkje meir enn 3 år frå ilandstiginga. Ansvar for reisegods blir forelda 2 år frå den dag passasjeren forlet skipet eller reisegodset vart bringa i land eller utlevert.
  10. Lovvalg og Verneting
    1. Transporten er underlagt norsk sjølov av 24. juni 1994, nr. 39. Søksmål vedkomande transporten kan berre reisast ved domstol
      1. på den staden der saksøkte har sin bustad eller hovudsete for verksemda,
      2. på avgangsstaden eller målet for reisa etter transportavtalen,
      3. i den stat der saksøkjaren har bustad, dersom saksøkte har forretningsstad i denne staten og kan bli saksøkt der, eller
      4. i den stat der avtalen er inngått dersom saksøkte har forretningsstad i denne staten og kan saksøkjast der
      Etter at tvist er oppstått, kan partane avtala at denne skal handsamast av ein annan domstol eller ved voldgift. Med SDR (Special Drawing Rights) meiner ein den spesielle rett til trekk som er fastsett av Det internasjonale valutafond. Verdien av 1 SDR er med på dei daglege listene over valutakursane frå bankane.  

I Rogaland gjelder andre vilkår for reise med hurtigbåter, mer informasjon om takster, ruter o.l.  under www.kolumbus.no

Ikon for telefon 5186 8700
Spørsmål eller tilbakemeldinger?
Kontakt oss på epost: post@norled.no
Snarveier
Rutetabeller og trafikkinfo ferje
Rutetabeller og trafikkinfo hurtigbåt
Booking Flaggruten, Sunnhordland og Sogn & Fjordane
Båt Charter og turisme
Bestilling Lysefjordruten
Norled logo
 
Et selskap i DSD-konsernet: DSD - Det Stavangerske Dampskibsselskab AS Tide Norlines DSD Shipping AS